Helga 16.-19. juli 2026 er det Vikedal Roots Music Festival i Vikedal.

Det blir kjekt. Les meir om festivalen her. 

 

I samband med festivalen så har Rootsen booka Vikedal Bygdahus og Idrettshall i perioden 13. juli til og med 20. juli 2026. Det betyr at huset er opptatt for eventuelle andre andre arrangement. 

Opplev Vikedal Bygdahus og Idrettshall!

Vikedal Bygdahus og Idrettshaller eigd av fleire lag og organisasjonar i bygda, og er ein viktig møteplass for lokalsamfunnet. Her finn du eit triveleg og allsidig bygdahus med mange moglegheiter for arrangement, samlingar og kulturaktivitetar – samt ein moderne idrettshall som yrer av liv og aktivitet for både små og store.

Vikedal Bygdahus og Idrettshall brenn for å skape eit levande, inkluderande og aktivt lokalsamfunn, der kultur, idrett og fellesskap står i sentrum. Enten du er med i eit lag, vil arrangere noko, eller berre ønskjer å ta del i aktivitetane, er du hjarteleg velkomen hos oss.


Bygdahuset stod ferdig i 1999 og feira 25-årsjubileum i 2024. Idrettshallen opna i 2011, og har sidan den gong vore ein viktig arena for glede, aktivitet og samhald i Vikedal.

Andelseigarar i Vikedal Bygdahus og Idrettshall

Vår organisasjon arbeider for å skape positiv endring gjennom frivillig innsats og samfunnsengasjement. Me driv med ulike arrangement og utleige for å styrkja lokalsamfunnet. Vikedal Bygdahus og Idrettshall er eigd av lag og organisasjonar, her er andelsfordelinga:

Styret 2026


  • Nils Erik Eide (nr 1/h)
    styreleiar (982 86 872)
  • Vigleik Bakkedal (nr 3/v)
    styremedlem/kontakt DriftsTeam (488 89 984)
  • Ingebjørg Rullestad Gjerde (nr 2/h)
    skrivar (416 92 867)
  • Hege Birkeland Reimers (nr 3/h)
    styremedlem/kontakt booking (934 52 631)
  • Mari Aalmo (nr 2/v)
    styremedlem/kontakt pubnemnd (977 94 555)
  • Sondre Hudseid Eikeland (nr 1/v)
    kasserar (913 35 037)


  • Tone Helen H. Halleraker
    varamedlem (922 32 567)
  • Georg Opsal
    varamedlem (909 74 390)

Utleige og generelle spørsmål om arrangement

Vikedal Bygdahus er eit allsidig hus og kan brukast i mange samanhengar. Me har eit godt oppdatert kjøkken, storsal med projektor, lerret og lydanlegg. I tillegg har me ein flott kafe med bar samt eit godt møterom. 

Treng du leige huset til bryllup, konfirmasjon, bursdag, ulike festlegheiter, møte / kurs / konferanse, andre arrangement?


Booking, eller spørsmål om arrangement, før og etter, ta kontakt med:
Lilly Laurense Nilsen Hundseid                                   

Mobil: 932 13 458

Gro Anett Espevoll

Mobil: 951 50 434

Leiar for DriftsTeam

Johan M. Reinertsen

Mobil: 971 74 035



Aktuelt

Hald deg oppdatert med dei siste nyheitene og aktivitetane fra vår organisasjon.

Vellukka jubileumsfest

Lørdag 14. mars 2026 inviterte styret bygda og omegn til jubileumsfest for bygdahuset (25 år) og idrettshallen (15 år). Ca 80 personar deltok på den formelle delen, der spesielt inviterte gjester og andre kunne nyte god mat og drikke samt undehaldning og talar om tida då bygdahuset og idrettshallen blei bygd. Etter denne delen var det vanleg pubkveld der fleire bygdefolk kom. Alt i alt ein vellukka jubileumsfest for Vikedal Bygdahus og Idrettshall. (21.03.26 Nils Erik Eide)

Vinnarar av fotokonkurransen til Vikedal Bygdahus og Idrettshall

Hausten 2025 arrangerte styret ein fotokonkurranse der motiv frå Vikedal var temaet. Det kom inn veldig mange fine bilder. Det blei plukka ut seks vinnarbilde der premien var at desse skulle stillast ut på spesiallaga akustikkbilde i kafeen. På den måten slår me "to fluger i ein smekk", me får veldig fine bilder frå Vikedal på veggen og det blir betre akustikk ved ulike arrangement. Me gratulerar vinnarane som de kan sjå på bildet. Tusen takk til alle som deltok. (08.01.26 Nils Erik Eide)

SLUTT PÅ MOGLEGHEIT FOR VIPPS TRENING!


Styret har vurdert at det er mangelfull betaling for Vipps-treningar i hallen. Dvs at folk som trenar utanom VIL sine tider ikkje betalar for økta på denne tillitsbaserte tenesta. Difor har styret vedtatt å oppheva denne ordninga. For å leige timar i hallen må ein gå gjennom bookinga vår. Under menypunktet «Utleige». Det kostar 200 kr/t. (04.11.25 Nils Erik Eide)

Samarbeidsmøte med Rootsen


I går hadde styret i Vikedal Bygdahus og Idrettshall samarbeidsmøte med Vikedal Roots Music Festival, her representert med festivalsjef Ronny Gjermundsen. Det var eit veldig godt møte der ulike samarbeidsprosjekt blei diskutert. Me gratulerer Rootsen med vellukka festival i 2025, og me ser fram til neste års festival. (16.09.25: Nils Erik Eide)

DriftsTeamet jobbar på!

Den flinke gjengen i DriftsTeamet vårt jobbar på, no har dei reparert stolar og bord. Dette teamet gjer ein framifrå innsats for Vikedal Bygdahus og Idrettshall. Snart skal dei henge opp nye gardiner i foajeen. Me håpar bygda stiller på stordugnad i haust, dato for denne kjem snart! (02.09.25, Nils Erik Eide)

Kjekk artikkel i Grannar om vårt DriftsTeam (30.05.25)

Ta kontakt med oss!

Har du spørsmål, innspel eller vil bidra? Me i Vikedal Bygdahus og Idrettshall ser fram til å høyre frå deg!

Nils Erik Eide, styreleiar


Org.nr:
884 033 322
Kontonummer: 3244 05 20072

Faktura: faktura@vikedal-bygdahus.no


Booking
Lilly Laurense Nilsen Hundseid

Mobil: 932 13 458

Gro Anett Espevoll

Mobil: 951 50 434


Leiar for driftsteam

Johan M. Reinertsen

Mobil: 971 74 035