Ina Helmers, styreleiar
Vikedal Bygdahus og Idrettshall er eigd av ei rekkje lag og organisasjonar i Vikedal. Det er eit flott bygdahus med mange kjekke moglegheiter i samband med arrangement, og ein flott idrettshall der det er mykje flott aktivitet for store og små. Organisasjonen er dedikert til å skape et levande og inkluderende lokalsamfunn gjennom ulike kulturelle og idrettsrelaterte aktiviteter.
Bygdahuset blei oppført i 1999 og feirar 25 år i 2024, idrettshallen var ny i 2011 og har vore full av aktivitet sidan den gong.
Vår organisasjon arbeider for å skape positiv endring gjennom frivillig innsats og samfunnsengasjement. Me driv med ulike arrangement og utleige for å styrkja lokalsamfunnet. Vikedal Bygdahus og Idrettshall er eigd av lag og organisasjonar, her er andelsfordelinga:
Det nyvalde styret i Vikedal Bygdahus og Idrettshall, frå venstre: Erlend Nesheim, Johannes Holten Leifsen, Ina Helmers, Asle Øverland og Nils Erik Eide. Tone Helen H. Halleraker og Håkon Bakkedal var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Vikedal Bygdahus er eit allsidig hus og kan brukast i mange samanhengar. Me har eit godt oppdatert kjøkken, storsal med projektor, lerret og lydanlegg. I tillegg har me ein flott kafe med bar samt eit godt møterom. Vikedal Bygdahus samarbeidar med Vikedal Ungdomslag i samband med lyd og lys.
Treng du leige huset til:
Booking
Kari Espevoll
Mobil: 404 71 511
Vaktmeister:
Reidar Espevoll
Mobil: 922 49 059
Hald deg oppdatert med dei siste nyheitene og aktivitetane fra vår organisasjon.
Etter fem års pause vart endeleg Sommarfestivalen i Vikedal arrangert igjen. Det heile gjekk av stabelen laurdag 6. juli, og gjett om det blei ein suksess. Arrangementet var eit samarbeid mellom Vikedal båtforeining og Vikedal bygdahus. Sommarfestivalen var todelt, eit dagarrangement og eit kveldsarrangement. Det heile "knytt saman" med to timars aftersea med DeKinaputters.
Det var heile 118 personar som deltok på fiskekonkurransen og mange andre møtte opp i båthamna der det var ulike aktivitetar og sal. Den berømte fiskesuppa blei servert og det var mykje god underhaldning for barn og vaksne. Kaptein Hjørnetann kom på besøk og han fekk med seg barna på å finne ein skatt. Som vanleg fann han ein person som hadde gjort noko bra for bygda det siste året. Jarl Magnus Lien, som har vore ein av drivkreftene til å få på plass den flotte pumptrackbanen måtte gå planken. Han har sjølvsagt ikkje gjort alt arbeidet sjølv, det har Kjerstina Særsten, Rikard Særsten og Johannes H. Leifsen m.fl også vore med på. Jarl Magnus "tok ein for laget" og måtte altså bade i det kalde vatnet.
I tillegg til dette så var det gode musikalske innslag frå Etne kulturskule og DUOeg, som består av Beate Tandrevold og Nils Erik Eide.
Kveldsarrangementet på Bygdahuset trakk heile 320 stk, Muddy Young starta kvelden med god stemning før Etne bandet Makalaust avslutta kvelden med fengende heimelaga countrysongar.
Styreleiar Ina Helmers er godt nøgd med arrangementet. - Alt i alt ein vellukka dag med Sommarfestivalen i Vikedal, no får me håpa dette blir ein tradisjon igjen. Overskotet frå festivalen går til å fikse fasaden på idrettshallen og å oppgradere Bygdahuset generelt. Bygdahuset feirer heile 25 år i 2024, det vil bli markering av dette seinare i haust.
Sjå fleire bilder frå festivalen her
Nils Erik Eide 07.07.24
6. juli inviterar Vikedal Bygdahus og Vikedal Båtforeining til Sommarfestival i Vikedal igjen. Det blir kjekke aktivitetar i båthamna og fiskefestival. Festivalen held fram på Bygdahuset på ettermiddag og kveld med live musikk og god stemning. Følg med på nettsida og Facebook framover for meir detaljert informasjon.
Sommarfestivalen i Vikedal 2024
Hald av dagen, me gler oss
Nils Erik Eide 15.05.24
Bygdahuset feirar 25 år i 2024, og gjett om det skal bli feiring...
Det vil kome meir informasjon om dette framover, følg med
Nils Erik Eide 17.04.24
På årsmøtet blei det vald nytt styre for 2024
Klikk her for å sjå kven som er i styret
Nils Erik Eide 17.04.24
Me treng hjelp frå deg, er du med?
Framover vil me jobbe for å oppgradere huset og hallen, håpar du er positiv til å stille på dugnad, meir info vil kome
Nils Erik Eide 17.04.24
Kontakt
Har du spørsmål, innspel eller vil bidra? Me i Vikedal Bygdahus og Idrettshall ser fram til å høyre frå deg!
Styreleiar Ina Helmers
Booking
Kari Espevoll
Mobil: 404 71 511
Vaktmeister
Reidar Espevoll
Mobil: 922 49 059