Forside

 

 

Velkommen til Vikedal Bygdahus si heimeside. Vikedal Bygdahus er eit representantskap beståande av fleire lag og organisasjonar i indre strok (Vikedal, Sandeid og Imsland) - sjå under menypunktet representantskapet for å sjå kven som er eigarar av huset.

Vikedal Bygdahus feira 10 årsjubileum i 2009 (oktober). Huset er nedbetalt og det er me stolte over.

 

August 2011 opna Vikedal Bygdahus idrettshall i tilknytning til bygdahuset. Vikedal Bygdahus er byggherre for dette store prosjektet, og det er eit samarbeid mellom dei tre bygdene i indre del, Sandeid, Vikedal og Imsland. For meir informajson om idrettshallen, klikk  her eller menypunktet i venstre marg.

 

Her er styret (perioden 2009-2011) foran hallen kun få månadar før hallen står ferdig. F.v: Hilde Skipevåg, Leiv Øystein Leifsen, Nils Erik Eide, Anja  Våg Skjold, Grethe Solheim og Sverre Gjerde (Kjell Ove Imsland var ikkje til stades då biletet blei tatt 16.02.11)

 

Vikedal Bygdahus er arrangør av to festivalar i Vikedal: Sommarfestivalen i Vikedal og Vikedal Dansefestival. Desse er viktige inntektsbringande arrangement med tanke på drifta vår, og sjølvsagt til den nye idrettshallen.

 

Vidare arrangerer me bingo kvar søndag. Bygdafolket stiller på dugnad og gjer ein kjempejobb for å få inntekt til huset.

 

Webmaster: Leif Kåre Hårajuvet Sigmundstad