Vikedal Idrettshall

Sandeid – Vikedal – Imsland

Vikedal Bygdahus står som byggherre for eit av dei største samarbeidsprosjekta som har vore i indre del av kommunen gjennom tidene. Imsland, Sandeid og Vikedal har reist idrettshall saman. Det har vore stor interesse for å få til dette positive prosjektet. Dugnadsviljen har vore på topp!

 

Her er styret (perioden 2009-2011) foran hallen kun få månadar før hallen står ferdig. F.v: Hilde Skipevåg, Leiv Øystein Leifsen, Nils Erik Eide, Anja  Våg Skjold, Grethe Solheim og Sverre Gjerde (Kjell Ove Imsland var ikkje til stades då biletet blei tatt 16.02.11)

 

Det har i mange år blitt arbeidd med å realisere ein idrettshall i Vikedal. Ein eigen idrettshallkomite har i fleire år jobba med dette prosjektet. Arbeidet med idrettshall i Vikedal har synt seg å bli eit viktig prosjekt for Imsland, Vikedal og Sandeid, i og med at dette er første gong at desse tre bygdene prøver å realisere eit så stort byggjeprosjekt saman.

 

Det vart oppretta ei eiga finansgruppe og ein byggjekomité, der det i begge var ei lik fordeling av representantar på dei tre bygdene. Det er svært positivt at alle tre bygdene har fått eit eigarforhold til den nye hallen. Det viser igjen på dugnadslistene. Drivkrafta for foreldre og besteforeldre er at alle ser kor stor betydning det har for ungdommane i desse bygdene at me får ein idrettshall

Vikedal Bygdahus vedtok på årsmøtet 11. februar 2010 å godkjenne budsjett for investering og drift for hallen, og på dette møtet vart det vedteke ei låneramme til 10,2 million for å nå kravet i finansieringsplanen. Hallen har ein prislapp på vel 15,5 millionar kroner.

Vindafjord kommune eig grasbanen og har betalt 250.000 kroner til flyttinga som skal gi plass til hallen, pluss 1,25 millionar kroner i tilskot, 100.000 kroner i årleg rentestøtte til spelemidlane blir utbetalte, pluss at Vikedal skule skal leige tid i hallen for inntil 100.000 i året.

 

Vindafjord Idrettslag er også ein viktig samarbeidspartnar. Dei har gjort vedtak om at dei kjem til å leige hallen for ein årleg sum av 250.000 kroner.

 

Vikedal idrettshall er eit nytt positivt element for Imsland, Vikedal og Sandeid. Her vil det kunne bli aktivitet for alle aldersgrupper, eit betre tilbod til elevar ved skulane, knyte dei tre bygdene saman og gjere det kjekkare å bu i Imsland, Vikedal og Sandeid, i tillegg vil det bli meir interessant å kjøpe seg tomt og byggje seg hus i desse bygdene.

Festivalbygda er ein av motorane som skaffar inntekter, og Vikedal Bygdehus er sjølv ansvarleg for to; dansefestivalen og sommarfestivalen.
Engasjementet rundt å skaffe tilstrekkeleg med eigenkapital, med alt frå besteforeldrekonto som har passert ein halv million, tilskot frå næringslivet og bidrag frå lag og organisasjonar er fantastisk.
I margen til høgre kan de sjå bilder frå byggeprosessen.

Comments are closed.